Har kommunen tenkt på skulegudstenestene?

No har tida komen kor mange skular har gudstenester i skuletida. Men har kommunen til å vurdert om skulane følgjer dei forpliktingane dei har når dei vel å la den lokale kyrkja invitere til gudstenester i skuletida.

Dette vert kanskje opplevd som brysamt? Det er eg innforstått med, men det er nettopp difor eg vil at kommunane skal sjå på dette. Det er nemleg no ein må vurdere dette på ein god måte. Soleis slepp kommunane, skulane og fylkesmannen klagesaker når vi nærmar oss jula.

Human-Etisk Forbund i Hordaland har kartlagd religionsutøving i skulen og sjølv om dette er ei undersøking av tilhøva i bergensskulane, så mistenker eg at det er fare for at vi finn tilsvarande også her i regionen. Det er særs sannsynleg at det går føre seg mange overtramp i skulane i høve gudstenester i skuletida, undervisingsopplegg, eller at skulane manglar medvit kring det at Den norske kyrkje er kun eitt av mange trussamfunn.

Når det gjeld gudstenester i skuletida har vi eit klart regelverk med krav som må vere møtt før skulen kan la elevane delta på gudsteneste i skuletida. Ifølgje leiaren for Utdanningsdirektoratet er regelverket lett å følgje. Likevel er det mange skular landet over som ikkje gjer det. Mellom anna må ein gi ut informasjon i god tid, også om innhaldet i det alternative opplegget, ein må ha eit alternativt opplegg klart før invitasjon og informasjon vert sendt ut, gudstenesta kan ikkje ha noko med KRLE-faget å gjere, og det alternative opplegget må vere godt og likeverdig den kulturelle og religiøse happeningen det faktisk er å gå i kyrkja for dei kristne elevane. Det er også viktig å tenkje på korleis eventuell øving fram mot dette arrangementa går føre seg. Det same regelverket gjeld nemleg der også.

Dersom kommunen ønsker at skulane skal følgje lovverket, respektere religionsfridomen til elevane og foreldra, samt sørge for at skulane ikkje er med på sosial stigmatisering av minoritetsbarn, så er det no på tide å sjå på dette. Det er no kommunen må be skulane forklare rutinane og opplegga sine slik at ein i større grad kan vere sikker på at alt er på stell i kommunane.

Det er også viktig at skulane svarar godt på spørsmål kring dette. Ein skule som berre svarer «vi følgjer regelverket» ville gitt meg eit ekstra insentiv til å sjå meir nøye etter.

Så la oss bruke ventetida fram mot jul på ein fornuftig og konstruktiv måte. La oss få ein grundig gjennomgang av rutinane på dette området. På denne måten kan vi vere sikre på at skulane våre følgjer lova og at vi respekterer trusfridomen til alle elevar og foreldre.

Dette debattinnlegget ble publisert på Tidens Krav 11.11.2015 under tittelen “Har kommunen tenkt på skolegudstjenestene?” og i Haugesunds Avis 15.03.2016 under tittelen “No er tida for å tenkje på skulegudstenestene“. Teksten ble også trykket i Sunnmørsposten den 05.12.2015 under tittelen “Julegudstenestene og trusfridommen“, i Avisa Nordhordland 06.04.2016 og i Avisa Hordaland med tittelen “Tid for å vurdera skulegudsteneste” den 17. mars 2016. Den er også publisert på Skolegudstjenester.no hvor den er publisert med samme tittel.

Én kommentar til “Har kommunen tenkt på skulegudstenestene?”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *