Fritak frå aktivitetar, men ikkje kunnskap om mangfald og religion

Etter fritakssaka og den interessante meiningsutvekslinga i Vest-Telemark Blad tenkjer eg det er nødvendig med nokre oppklaringar knytt til fritaksretten, dens grunngivingar, og dens innretning. For det ser ut til å vera nødvendig. Særleg etter varaordførar Hauges lesarinnlegg.

Eg vil starta med å takka Charlotte Øster som tydeleg har beskrive stykket. Det er eg veldig glad for. Stykket verkar for meg å vera heilt i tråd med læreplanane i skulen, også med tanke på alderstrinna det blir framført for. Eg er også glad for at Drifa Gudmundsdóttir i Nynorsk kultursenter løftar stemma si i dette. Eg vil likevel avklara, det er ikkje eit poeng om dette har vore spelt andre stader før utan behov for fritak. Kvifor skal eg komma til no.

Fritaksretten i grunnskulen gir foreldre, og elevar over 15 år, eit høve til å la elevar få sleppa å delta i opplæringsaktivitetar «som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande» (Opplæringsloven §2-3a). Det betyr likevel ikkje at det er fritt fram for å plukka og velja i skulen. Fritaksretten er todelt. Den er uavgrensa sidan han gjeld for heile grunnskulen, samtidig som han er avgrensa gjennom at eleven ikkje kan fritakast frå opplæring i fagstoff grunngav i læreplanmåla i dei ulike faga.

Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. (Opplæringsloven §2-3a)

Det kan trass i denne avgrensinga innvilgast at eleven får undervisninga på ein annan måte enn resten av elevane gjennom eit alternativt undervisningsopplegg. Det er med andre ord ikkje sånn at foreldra må akseptera ein bestemd undervisningsmetode sjølv om dei må tola at barna deira får undervisning i eit tema som dei oppfattar som problematisk. Fritaksretten fungerer slik at når det blir gitt fritak frå ulike undervisningsaktivitetar, må eleven då få den same opplæringa og kunnskapen gjennom eit alternativt, men likeverdig, undervisningsopplegg.

Bakgrunnen for fritaksretten i grunnskulen er å balansera det at Noreg har ein offentleg fellesskule der dei fleste av elevane går, samtidig som skulen har eit obligatorisk religionsfag for alle elevane: Fritaksretten er historisk knytt til religionsfaget, og har i ulike former vore ein del av norsk skule sidan religionsfaget var eit konfesjonelt kristendomsfag, men fritaksretten gjeld i dag for alle fag og situasjonar.

Lova set med andre ord opp nokon rammar, som viser til forventa kompetanse slik det er definert i læreplanane. Kjønns-, seksualitets-, og identitets-mangfald, og respekt og likestilling for dette, finn me som tematikk og læreplanmål på ulike nivå i norsk skule. Frå formålsparagrafen i Opplæringsloven (§1-1) til læreplanens overordna del og dei tverrfaglege temaa, til kompetansemåla i læreplanen for enkeltfag. Det er med andre ord ikkje høve til å få fritak frå denne tematikken. Dette er samanliknbart med at det ikkje er mogleg å få fritak frå å læra om kristendom, islam, eller bibelen i norsk skule. Det er derimot moglegheit for å få fritak frå ulike aktivitetar i skulen, som til dømes fagekskursjonar til heilage hus, skulegudstenester, yoga i kroppsøving, eller deltaking i pridetog. Eg mistenkjer likevel at det er relativt få skular som har elevane som deltakarar i pridetog, i motsetning til dei rundt 80% av norske skular som praktiserer gudstenester i skuletida. Det er heller ikkje nødvendig å delta på eit teaterstykke, teikna reknebogeflagg eller Jesus for å læra om mangfald eller kristendom.

Samtidig er det viktig at alle partar har tunget litt meir rett i munnen når det gjeld desse sakene. Det er ikkje slik at «Fritak[sretten] gjeld ikkje kunnskap som typisk står i lærebøkene» slik ordførar Draugedal har uttalt. Norsk skule blir styrt av læreplanar, ikkje lærebøker.

Tidlegare i år var det så som så med responsane som vart gitt når det kom ein del ferdigskrivne fritaksønske frå ulike konservative kristne og muslimske grupper rundt omkring. Nyanseforskjellane her er avgjerande, og då er det viktig at skuleleiarar og politikarar er tydelege og nøyaktige i det dei fortel. Her har Arild Bentsen og Odd-Arne Thorbjørnsen ved skulen heldigvis vore tydelege og gode. Sjølv om eg håpar at rektor Torbjørnsen vart feilsitert i podkasten «Jan Thomas og Einar blir venner».

Varaordførar Stian Hauge stiller ein del velgrunna spørsmål i lesarinnlegget sitt i Vest-Telemark Blad, som er ganske kurante å svara på.

Skal me byrje å gje fritak for fundamentale læreområde? Er evolusjonsteorien i biologitimen noko som kan diskuterasa, eller det faktumet at me står i ei klimakrise?

Alle tematikkane som Hauge her stiller spørsmål om er skrivne tydeleg inn i læreplanane frå Utdanningsdirektoratet. Så nei, dei kan ein ikkje få fritak frå. Akkurat som at ein ikkje kan få fritak frå symjing eller seksualitetsundervisning. Men det kan vera at ein skal få fritak frå enkeltaktivitetar, samtidig som skulen sikrar at elevane likevel lærer det same som ein skulle lært i den enkeltaktiviteten. Nokre gonger er det mogleg, som med ein ekskursjon, eit eksternt foredrag, eller eit teaterstykke, andre gonger er det vanskelegare, som med symjeundervisninga. Skulen skal ikkje gi fritak utan å vurdera dei, men dei skal heller ikkje gå på tvers av Noregs menneskerettslege forpliktingar.

Eg har forståing for at slike fritaksønske og innvilgingar provoserer politikarar, foreldre, skeive, og forsåg vidt også lærarar. Det sender også nokre signal som kan vera uheldige, og som det er viktig at skulen har lagt eit godt grunnlag for å motverka på førehand. Det er viktig at elevane får ei god undervisning på dette området. Å læra om variasjonar i kjønn, identitet, og seksualitet er viktig. At føresett er usamd i når denne kunnskapen kjem er ikkje eit argument. Det kan jo heller ikkje vera slik at dette er det einaste kjønns-, seksualitets-, identitets- og mangfaldsundervisninga som desse elevane får i løpet av si tid på denne skulen. Dette bør meir vera glasuren på ei allereie god og saftig kake.

Norsk skule skal vareta mange ulike perspektiv, lovreguleringar, og menneskerettslege forpliktingar. Ein del av dette er at foreldras og elevanes menneskerettar skal varetakast som ein del av skuleverksemda. Med mange hundre ulike slike rettshavarar på kvar skule er dette komplisert, men desto viktigare at varetakast. Då er fritaksretten, saman med godt skule-heim-samarbeid, ein viktig del av den balansegangen.

Innlegget ble publisert i Vest-Telemark Blad den 09.11.2023 under samme tittel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *