Trua di er ikkje nødvendigvis trua mi

Skulegudstenester er splittande og problematiske i eit livssynsopent samfunn. Å lære om kristendom, andre religionar og livssyn er viktig, og nettopp difor har vi KRLE-faget i skulen. Gudstenester derimot, er ikkje eit pedagogisk opplegg retta mot læring om tru og livssyn.

Den nye opplæringslova som tredde i kraft i august, er klar på dette punktet: «Opplæringa skal ikkje vere forkynnande» (§14-5). Å arrangere skulegudstenester som ein del av skuletida, bryt dette. Forkynning høyrer ikkje heime i skulen si undervisning, og det skapar eit skile mellom dei som deltek og dei som ikkje gjer det. Dette undergrev prinsippet om ei inkluderande skule der alle elevar føler seg velkomne, uavhengig av tru eller livssyn.

Når Tove Elise Madland, som stortingsrepresentant, seier at «Utan at vi sjølve veit kva vi trur på, kan vi ikkje vise andre respekt for si tru», er det viktig å reflektere over kva dette betyr i praksis. Dette er eit signal om at å vera norsk er å vera kristen. Skal ikkje dette tyde at skulen må leggje til rette for like vilkår for alle religionar og livssyn? Dersom ein insisterer på å vidareføre kristne gudstenester i skulen, signaliserer ein at kristendommen har ein privilegert plass. Dette strir mot idealet om likebehandling og mangfald.

Tradisjonar er viktige, men dei må tilpassast eit moderne samfunn der mangfaldet av tru og livssyn vert respektert. Skulen bør vere ein nøytral arena der alle kan kjenne seg inkluderte. I staden for skulegudstenester, kan ein arrangere felles markeringar som tek omsyn til heile elevmassen. Mange skular har lukkast med å skape nye tradisjonar som inkluderer alle, til dømes kulturelle arrangement eller felles samlingar utan religiøs forkynning.

Den norske kyrkja er sjølvsagt velkomen til å invitere til gudstenester utanom skuletida for dei som ynskjer det. På den måten vert trusfridomen respektert, samstundes som skulen held seg til sitt mandat om å vere ein inkluderande læringsarena.

For å byggje eit samfunn der vi viser kvarandre respekt, er det avgjerande at vi praktiserer likebehandling i praksis, ikkje berre i ord. Skulen spelar ei sentral rolle i dette arbeidet ved å fremje forståing og kunnskap om ulike tru- og livssyn, utan å favorisere eitt framfor dei andre.

Eg håpar at vi kan ta denne debatten vidare med fokus på inkludering og respekt for alle elevar, slik at adventstida og jula vert ei tid der alle kan delta på like premissar.

Innlegget ble publisert av Grannar den 1. desember 2024 under samme tittel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *