Grunnlova fordrar ikkje skulegudstenester, Halleluja

Eg set pris på Kolbjørn Gaustad sitt engasjement for tradisjonar og våre felles verdiar. Likevel er det viktig å klargjera nokre misforståingar omkring Grunnlova og Opplæringsloven.

For det første fordrar ikkje Grunnlovas §2 at skular skal arrangera gudstenester. §2 seier at «Verdigrunnlaget skal vera den kristne og humanistiske arven vår.» Dette betyr at me skal byggja på verdiar frå både kristen og humanistisk tradisjon, slik som demokrati, menneskerettar og rettsstaten. Det inneber ikkje at skulen skal delta i religiøs praksis eller forkynning.

Opplæringslovas formålsparagraf understrekar at opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og visa respekt for overtydinga til den enkelte. Skulen har eit ansvar for å vera ein inkluderande arena for alle elevar, uavhengig av den religiøse tilhøyrselen deira eller livssyn. Når skulen arrangerer gudstenester, opplevast det som ekskluderande for elevar som ikkje er kristne eller ikkje ønskjer å delta i religiøse ritual.

Opplæringsloven er tydeleg på at «Opplæringa skal ikkje vere forkynnande» (§14-5). Dette betyr at forkynning og religionsutøving er forboden i all opplæring, utan unntak. Sjølv om kristendom er ein del av læreplanen, skal religion og livssyn blir undervist på ein objektiv og informativ måte, ikkje gjennom deltaking i religiøse seremoniar.

Kommunedirektøren i Hustadvika har gjort ei god vurdering når han påpeikar at skulegudstenester kan komma i konflikt med formålet med undervisninga. Han understrekar at skulen skal vera ein stad der alle kjenner seg velkomne og respekterte, og at gudstenester kan opplevast som ekskluderande i eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn. Han peikar også på forkynningsforbodet i Opplæringsloven.

Me kan læra og formidla verdiar som respekt, toleranse og fellesskap utan å delta i gudstenester. Dette gjer me i skulen kvar einaste dag gjennom undervisning, diskusjonar og aktivitetar som fremjar forståing og samhald. Mange skular har allereie utvikla nye tradisjonar som inkluderer alle elevar, slik som konsertar, kulturelle arrangement og felles samlingar utan religiøs forkynning.

Sjølv om nokon hevdar at skulegudstenester framleis er tillatne, er ordlyden i lova klar og bindande. I juridisk samanheng er det lovteksten som gjeld, og rettleiingar kan ikkje tolkast i strid med den klare ordlyden i lova utan eksplisitt heimel. Det finst ingen unntak for skulegudstenester i §14-5.

Kvart år får Human-etisk Forbund førespurnader frå foreldre som er bekymra for at barna deira blir ekskluderte når dei ikkje deltek i skulegudstenester. Det er viktig at skulen ikkje set elevar i ein slik situasjon. Ved å arrangera alternative, inkluderande aktivitetar, sikrar me at alle elevar kan delta fullt ut i fellesskapet til skulen.

Det er flott at kyrkja ønskjer å invitera til gudstenester, og dei som ønskjer å delta, kan gjera dette på fritida. På den måten respekterer me både retten til fri religionsutøving og prinsippet om at skulen skal vera livssynsnøytral.

Grunnlova §16 sikrar alle innbyggjarar fri religionsutøving, men ho pålegg ikkje skulen å arrangera religiøse seremoniar. Tvert imot understrekar den at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje. Skulen, som ein offentleg institusjon, bør derfor ikkje favorisera eitt bestemt trussamfunn.

La oss saman arbeida for ein skule som er inkluderande og respektfull overfor alle elevar, uavhengig av tru og livssyn. Då er skulegudstenester feil veg å gå.

Innlegget ble publisert av Romsdals budstikke 3. desember 2024 under samme tittel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *