Den norske Grunnlova krev ikkje at skulen eller samfunnet skal vera kristent, eller at kristendom skal ha forrang i offentlege institusjonar. Grunnlova §16 understrekar tvert imot at alle trus- og livssynssamfunn skal behandlast likt.
Dette samsvarer med Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 9, som Noreg har slutta seg til, og er eit grunnprinsipp i det livssynsopne samfunnet. Å antyda at Grunnlova skulle påleggja kristne tradisjonar i skulen eller gi dei forrang, er ganske enkelt feil.
Kolbjørn Gaustad synest å meina at kritikarane av skulegudstenester og andre kristne praksisar hevdar at dette er skadeleg. Men ingen har påstått at skulegudstenester er skadelege for elevane, slik han prøver å tillegga kritikarane. Dette er ein stråmann.
Debatten handlar om likebehandling og nøytralitet, ikkje om skadeverknader. Poenget er at skulen skal vera inkluderande for alle, uavhengig av religiøs tilhøyrsel. Ein forkynnande skule er ikkje ein skule for alle. Når skulen legg opp til religiøse ritual i skuletida, utfordrar det prinsippet om at skulen skal gi kunnskap om religionar – ikkje praktisera dei.
Det er også misvisande å framstilla kravet om likebehandling som eit krav sett fram primært for å komma tilflyttarar i møte. Kravet om lik behandling gjeld alle borgarar, og i Noreg oppgjer fleirtalet at dei ikkje trur på Gud. Det livssynsopne samfunnet er ikkje eit resultat av innvandring, men av eit mangfald som allereie finst blant nordmenn. Dette handlar om ein grunnleggjande respekt for fridommen individet har til å velja – eller velja bort – religiøse praksisar.
Vidare er det verd å presisera at bordbønn i skular og barnehagar vart forbodne i 2005. Dette er ein forlaten praksis dei fleste stader, heldigvis. At slike religiøse ritual ikkje lenger finn stad i barnehagen og skule, handlar ikkje om å bryta med norsk kulturarv, men om å fremja eit fellesskap som ikkje favoriserer enkeltreligionar.
Gaustad antydar også at Humanistisk konfirmasjon er ei etteraping av kristen konfirmasjon. Humanistisk konfirmasjon står på eigne bein, med ei over 70 år lang historie i Noreg. Den byggjer på eit sjølvstendig livssyn og sjølvstendige verdiar. At medlemmer av Human-Etisk Forbund får rabatt på deltaking er verken overraskande eller problematisk. Dette handlar om medlemsfordelar i ein organisasjon, akkurat som i andre samanhengar.
Poenget er ikkje å undergrava kristne tradisjonar, men å sikra at fellesinstitusjonar som skulen praktiserer likebehandling. Grunnlova krev ikkje at me skal bevara eller fremja enkelte religiøse praksisar i fellesskulen. Den seier snarare at me skal behandla ulike trus- og livssynssamfunn likt. Å feira jul, å syngja songar heime, eller å delta på gudstenester på fritida er framleis fritt og uavgrensa. Men i skulen og andre offentlege rom bør likebehandling vera eit juridisk, kulturelt og moralsk fundament. Det er dette som utgjer det livssynsopne samfunnet.
Innlegget ble publisert av Tidens krav 11. desember 2024 under tittelen «Ingen har påstått at skulegudstenester er skadelege» og det kom i Romsdals budstikke den 12. desember.
Christian Lomsdalen er ph.d-stipendiat ved Universitetet i Bergen etter mange år i den videregående skolen som lektor. Ved siden av dette lager han podkast og leder Human-Etisk Forbund. Du finner han også på podkastene Tanketrigger, Frokostkaffen, og PedsexPod. Han er førstegenerasjons bergenser, far og bonusfar til fire, og alltid engasjert. Ateist, feminist og humanist.